Dagens glimt frå Stryn

Artig oversiktsbilete teke av K.A. Tonning forsommaren 1962. Brua opna for trafikk 24. juli 1962. Leirgulen og Stryn Samyrkelag sine bygg er også snart ferdige til innflytting. Stryn sentrum vart med dette flytta vestover og Bruagrenda vart fri det meste av trafikken då Visnesbrua opna.
Det har vore ei (bokstaveleg talt) rivande utvikling i Stryn sidan dette biletet vart teke av K.A. Tonning. På godt og vondt! Eg trur nok at både politikarar, byråkratar og utbyggarar kanskje ville gjort noko annleis viss ein kunne skrudd tida tilbake til f.eks. 1967 og starta på nytt.
Rune Tonning, Olav Håvik og Torbjørn Håvik fotografert av Kåre Tonning. Kan det vere på Holsætra eller ei anna av sætrane på Bergsida? Årstalet er ca. 1963. Olav les Dagen, og på papirposen står det "Solmoden frukt". Legg også merke til nisteboksen og termosen. Eg synes slike bilete er fantastisk flotte og kjekke å ta vare på for framtida. Torbjørn opplyser at han framleis har matboksen. Kjempestilig!
Vi som vaks opp på Tonning på 50- og 60-talet hadde to flotte skibakkar vi kunne bruke: Brattebakkjen og Arnljotbakkjen. Brattebakkjen låg på Bergemsjorda og starta på Løkens plass. Det er akkurat her biletet er teke av Kåre Tonning på slutten av 1960-talet. Nr. to f.v. er Otto Raudi og lengst til høgre Jan Myklebust. Kan det vere Magnar Hjelle som står mellom dei to? Det kan faktisk vere eg som står heilt til venstre. Eg har mange gode og nokre vonde minner frå denne bakken. Trur Otto og Kristen Tonning måtte bære nedatt ein blodig 5-åring som hadde fått overleppa skåren opp av klørne til hunden Laika. I bakgrunnen ser vi handlegata i Bø og gardsbruka på Aarheim.
Petter Tonning med familie, ca. 1905. Petter f. 1867 med Kristian f. 1903, kona Marie Monsdtr. f. Kroken i Hafslo i 1872. Ukjent tenestejente. Kan vere slektning. Mora Ingeborg Johnsdtr f. Aarheim i 1824 sit i gyngestolen. Huset er den eldste delen av noverande "Stryn Vertshus", og er bygt rundt ca. 1877. Biletet er fargelagt i Photoshop.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.