LITT AV KVART FRÅ STRYN

Ein ny æra i Stryn. Bringsvorbygget var klart til innflytting oktober 1965 og Sunnmøre Kreditbank AS etablerte seg i bygda. Esso (Stryn Bensinstasjon) har fyllt opp tomta si og er snart klar til bygging. Mobilstasjonen på Visnessida er nesten ferdig og opna i 1966. Både Kr. A. Vik og Vest Karosserifabrikk AS sine bygg er under opparbeiding og stod ferdig i 1966. Det var hektiske tider i Stryn. Omtrent samtidig kom Torolf Folkestad til bygda. Han var tilsett som disponent i bussfabrikken, og faren min, Asbjørn A. Vik, skrytte av at han hadde garderobeskåp nr. 1 på denne verksemda. Folkestad hadde tidlegare jobba på bussfabrikken Arne Bruk, og hadde gode erfaringar og ikkje minst gode idear og stort pågangsmot. Dette fekk han bruk for og dei 25 åra han leia Vest var ei tid med meir eller mindre konstant vekst og utvikling. Folkestad var både disponent og byggeleiar, og eg reknar med at arbeidsdagen var lang. Sjå også artikkelen over. Stryn har idag misst ein person som dei fleste kjende og som betydde mykje for Stryn. Varme tankar til Folkestad sin familie. Fred over Torolf Folkestad sitt gode minne. Med helsing Jon R. Langeseth Vik.

Birte 08.05.2012 13:35

Tusen takk for gode ord Jon Rasmus, dette set vi veldig pris på.

| Svar

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.