Her er eit sjeldant bilete av Olden Dampbåtlag sin M/B Briksdal. Båten vart bygt av Selje Bruk AS i glasfiberarmert polyester og med ein 225 Hk motor. Vel 50 passasjerar var han registrert for. Dåpsseremonien fann stad tysdag 11. mai 1976 kl 15.25. Gudmor var kona til styreleiar A.O. Sunde, fru Ingeborg Sunde, og ho knuste champagneflaska mot skroget og ynskte båten hell og lykke. Dei første passasjerane var deltakarar på Turist-workshopen i Loen som skulle til Briksdalen. Ved brua på Sunde stod mykje folk og dei kasta blomar ned til passasjerane då båten passerte. På Rustøylandet vart båten møtt av av salutt og Olden Skulemusikk. Båten gjekk på vatnet til 1981 før han igjen kom til Selje.