...bil, buss og lastebil

Bussen er bygt ved karosseriverkstaden til L/L Nordfjord & Sunnmøre Billag og har bygg.nr. 26. Det er ein Volvo B615 og vart registrert første gong 5. juni 1957. Kan sjå ut som om den seinare fekk reg nr. TV-37238 og er notert ut frå Billaget 16.02.1979.
Eit lite glimt inn i produksjonshallen på Vest etterjulsvinteren 1972. Mange bussar under arbeid. Dette høyrer til i ein interiørserie som foto K.A. Tonning (truleg Oluf) tok i februar 1972. Kjem fleire bilder seinare.
Det har opp gjennom tidene vore mange som har drive transport i noverande Stryn kommune, og det er svært viktig å samle inn informasjon om desse småselskapa (eigarar, sjåførar og materiell). Veit du noko må du for all del ta kontakt! S-1193 er fotografert på Nesi, og det kan sjå ut som om passasjerane må gå over Bulega for å kome til bilen (står på Nedstryn-sida av raset). Hjelledalen Auto søkte fleire gonger om å få lov til å ta med passasjerar, og etter det eg har funne ut vart dette nekta av Heradstyret kvar gong!
Ligg saman med negativ av byggenr. 1, og eg reknar det derfor som sannsynleg at dette er interiøret i den første bussen frå Vest-Karosseri AS Stryn.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.