Denne bussen, Volvo B57, vart overlevert til disponent Knut Drabløs i Stranda og Sykkylven Billag torsdag 23. februar 1967. Dette var ei storhending for Stryn. Denne bussen eksisterer framleis, og står utstilt på Sunnmøre. Kanskje kan den vere med i eit framtidig Motorhistorisk museum i Stryn?? Eg veit at nokre karar arbeider med planar for dette, og det skulle ikkje forundre meg at ein får dette til. Bilinteressa i Stryn er stor, og historia 100 år lang, og framleis i beste velgåande.