Dagens glimt frå Stryn

13. juni er det 100 år sidan vedtaket om oppretting av Husmorskulen i Stryn vart fatta. Skulen vart dei fire første åra driven i det som seinare vart doktorbustaden, huset som familien Tenden flytte frå Faleide i 1906. Familien Wingo bur der idag.

Ordførar!

Det mest positive som har skjedd denne førjulstida i Stryn, er etableringa av Tonningstunet. Denne sjarmoffensiven iverksett av Kvass, Petit, Vertshuset og Bokhandelen varmar hjarte mitt.

 

Det er viktig å vere positiv og kreativ i varehandelen og service-næringa i Stryn. Dette initiativet vonar eg vert følgd opp av andre bedrifter lenger inne i gata slik at området frå det vi i gamle dagar kalla Svingen og inn til Hjelljen og Fotografen også i framtida kan framstå som eit attraktivt handels-område.

 

Det har det siste året vore altfor mykje surmuling pga. av etableringa av det nye administrasjonsbygget til kommunen. No er det viktig å vere kreative og utnytte dei kvalitetane dette området har.

 

Derfor må Stryn kommune ruste opp det området som ein i tidlegare tider kalla Tindebuneset, eller som vi i dagens kulturløyse kallar Petterneset. Parkeringsplassen bak Elektrogården og ikkje minst Petterneset Hagekoloni bør kunne framstå i ei mykje meir tiltalande form enn kva tilfellet er idag.

 

Underteikna har i eit innlegg i Fjordingen reist spørsmålet tidlegare. Kvifor ikkje lage til ein liten park eller minnelund med for eksempel eit minnesmerke frå krigane mot Sverige på 1700 og 1800-talet, der ca. 200 soldatar frå Stryn misste livet.

 

Eg har stor tru på gamle Heradstun som kultursenter og at eit opprusta Tindebunes vil vere med å gjere dette området svært attraktivt. Her er stoppestad for turistbussar, offentleg toalett, turistinformasjon, campingplass, overnattingsbedrifter, serveringsstadar og andre handelstilbod.

 

Området frå Heradstun/Per Bolstads plass og inn til Fotografen bør kunne bli eit attraktivt strøk også i framtida. Stryn kommune har plikt på seg til å gjere ein innsats for å få sine eigne eigedomar til å bli ein positiv del av dette miljøet. Dei som ikkje har vore ned på Tindebuneset bør ta seg ein tur dit for å sjå kor fint der kan bli.

 

Vil ordføraren ta initiativ til å få gjort noko med dette?

Spørsmålstiljar: Jon R. Langeseth Vik

Tonning Exerceerplads og det Stryenske Compagnie

 

I samband med at ein skal rive gamle ”Godsekspedisjonen” på Tonning, vil underteikna be dei ansvarlege for utforminga av dette området om å ivareta plassen sin spesielle historiske verdi. 

 

Kommunen kjøpte arealet av Peder L. Sunde i 1911, og plassen vart då mellom anna brukt til utstillings- og marknadsplass, møteplass for folk om søndagane og på kveldstid og til fotballbane. Den første bana gjekk i nord-syd retning og ”hallja” ned mot elvakanten. Den store 17. mai-feiringa i 1914 hadde og sitt utgangspunkt på denne plassen. På 1930-talet vart den gamle fotballbana ved storstila dugnad snudd i aust-vest retning og jamna ut og omgjort til grusbane. Vart vel også brukt av billaget som hadde garasjar og verkstad ”rundt” bana. Dei fleste som har levd nokre år veit at ”gamle Kommuneplassen” var idrettsplass heilt til Stryn stadion stod ferdig i 1955.

 

Det mange ikkje veit, er at dette området som i dag vert kalla Petterneset truleg har vore øvingsplass (eksersisplass) for strynske soldatar alt før etableringa av det Stryenske Compagnie i 1718. Aaland skriv at kapteinen for det Nordfjordske Kompani var busett på Visnes i Stryn i 1698. Folketeljinga 1701 (manntal) viser at Capitain Libert Johan Pfeil (35 år) og sønene Johan Libert (9 år) og Carl Gustav (7 år) var busett på garden Wedsnæs i Neder Stryen i Indvig prestegjeld. Det er grunn til å tru at ”eksisplassen” var teken i bruk alt då. Telthuset på ”eksisplassen” vart truleg ikkje bygt før etter ca. 1730. Under storbrannen på Øvre-Tonning 19. mai 1721 misste kapteinen for styne-kompaniet (Harboue) alt han eigde og ”kompagniets mundering, armatur og ekvipage”. Dette vart sikkert ein stor kostnad for folket i bygdene, då det var ”legdene” i Olden og Stryn skipreie som måtte koste utstyret for sine eigne soldatar.

 

Under arbeid med å samle historia til Stryne-kompaniet kom underteikna over eit kart i Riksarkivet si samling (GS 113) som er datert 1838. Plassen høyrde til garden Øvre-Tonning og i 1837 vart leigeavtala for eksisplassen formalisert og tinglyst. Kartet viser plasseringa av telthus og sjølve ”eksisplassen”. Det var ikkje mykje hus i området som kartet viser. Nederst til venstre kan ein sjå bygningane i Perhus-tunet. I Ytre-Bø er utskiftinga og utflyttinga frå ”tunet” ikkje gjennomført. Bru mellom Årheim og Tonning (Gamlebrua) er på det tidspunktet ikkje oppført (først ferdig i 1860).

 

Etter det underteikna har fått opplyst, var dette også området der tiendebuda for Nedstryn var plassert, og neset vart på 1800-talet kalla ”Tindebuneset”.

 

Svært mange soldatar frå Stryn kommune misste livet i ”Elleveårskrigen” 1709 til 1719 (Kjelde: Egil Øvrebø, I Kongens Teneste). Av 102 døde i Nordfjordske kompani var meir enn 50 soldatar frå Stryn. 45 strynske soldatar i Sunnmørske 1.og 2. reservekompani misste livet og 2 soldatar i det nyoppretta ”Stryenske Compagnie” misste livet i 1719. Namna på soldatane er å finne i Øvrebø si bok. Dei fleste av desse døydde i København, om bord i krigsskip eller på austlandet.

 

Felttoget i Bohuslen 1788 og krigen mot Sverige 1807-1814 førte til tap av mange soldatar frå Stryn kommune, utan at eg har total oversikt over desse (sjå mellom anna P.M.Skrede i Årbok for Nordfjord 1961, 1963 og H.J.Barstad; m.a. ”Bergenhusiske Regiment i krigen mod Sverige”).

 

Framlegg:

På dette ”militær-historiske” området bør det vurderast om eit minnesmerke over falne soldatane (300 og 200 års-markering om få år) kan plasserast, og samtidig få til ein presentasjon av det ”Stryenske Compagnie”, eksisplassen og kanskje også dei andre aktivitetane som har funne stad i dette området. Alternativa er mange. Det er viktig at ein så tidleg som mogleg i planprosessen kan ta omsyn til dei historiske fakta og prøve å få til noko som kan belyse denne gløymde delen av historia vår.

 

Den beste plasseringa av noko slikt vil etter underteikna sitt syn vere den gjenverande del av ”Petterneset” (Tindebuneset, Eksisplassen eller kva ein no bør kalle det). Utsikta mot Aarheims-holmen og Rindalshyrna er fantasisk og bør i langt større grad enn i dag gjerast tilgjengeleg for ålmenta!!

 Stryn, 21. oktober 2002

 Jon R. Langeseth Vik

 

 

 

 

 

 

Bilete eg tok kl 0907 idag tidleg. Det er greinalaust mykje greine i vegen når vi skal ta bilete! (Ei slags form for ironi - ekje allje som forstår det alltid). Greinene altså. Oppstryn er fantastisk fint!
Elva vår må fram i dagen - den er noko av det likaste vi har. Det må gjerast eit krafttak frå Stryn Energi og heilt inn til Rise. Vil bli eit aktivum for tilreisande og fastbuande. Bru over til Aarheim og gangveg mest mogleg langs elva heilt opp til Sætre. Fantastisk miljø!!!! Eg har også teke til orde for å bruke Petterneset som base for det historiske Stryn. Her ser ein inn til bautaen, samtidig som ein er rett ved sidan av staden der tiendebuda og den gamle eksersisplassen låg. På gamle kommuneplassen er det også gjort gravfunn frå 700-talet. Herfrå kan det også byggast gangbru over Stryneelva til Aarheim og plassen kan brukast som utgongspunkt for historiske vandringar i Stryn. Det er også viktig å få til gode animasjonar som viser td. Stryn sentrum gjennom tidene. Kanskje kan ein starte med ein islagt Strynedal, vise korleis isen og vatnet jobbar med landskapet vårt,terrassebygginga (avleiringar), havet som trekk seg tilbake og landet som stig. Fortsette med dei første steinalderbusetnadane, oppbygginga av garden Bø i folkevandringstida, ta med ein seremoni eller tingsete, fortsette med vikingtida, hoppe fram til 1940 og til slutt Stryn i dag (allsidig næringsliv, natur og aktivitetar). Må sjølvsagt gjere lange hopp, men vise det viktigaste. Dette let seg gjere om kommune, fylke-stat, UiB og næringsliv vil. Det som er unikt her er at dette er 400 år eldre enn vikingfunna. Dette er ein kulturhistorisk skatt som vi er omtrent åleine å vise til i Noregshistoria. Tenk på det!! Vikingtida var ikkje påtenkt eingong då garden Bø og "Strjon" var eit maktsenter i Nordfjord. Treng ikkje vere so veldig kreativ for å presentere dette!!

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.