Dagens glimt frå Stryn

Dei to husa lengst til venstre står framleis på Gjørven, og høyrer vel til Torbjørnbruket. Hovedhuset vart ombygd på 60-70-talet og bruket er eigd av Anne f. Stauri og Harald Løvdal. Huset lengst til venstre var eigd av Berghild f. Gjørven og Knut Sandvik (kontorsjef på billaget) og vart rive i samband med utviding av riksveg 15. Det vart sett opp ein feriebustad litt lenger sør for riksvegen som erstatning for det som vart rive. Fotograf ukjend. Biletet er truleg frå 1920-talet. Dersom nokon av opplysningane er feil eller du har tilleggsopplysningar, må du ikkje vente med å ta kontakt! Melding frå John Sandvik Huset i midten vart kalla "Raudestova" og tilhøyrde oss "opp med veja" som dei kalte det. Det vart flytta frå Hopland eller der omkring og sett opp igjen på Gjørva. Det vart i mi tid brukt til feriehus for sommargjester; slektningar som kom forbi. Fam. Værnes hadde dette som feriested i mange år, før dei bygde seg hytte på andre sida av vegen. Det var alltid stas når dei kom med båten til Visnes på sommaren og bodde der gjerne en månads tid. 7. mai kl. 07:44
Samanlikn med biletet under. På vel 60 år har det skjedd ei rivande utvikling i Stryn, og dei nesten 40 åra frå 1975 til idag seier seg sjølv. Planlegginga i Stryn har vel ikkje vore optimal. Tenk om ein hadde brukt elva som eit midtpunkt, og planlagt med utgangspunkt i begge sider av elva. Ei fin bru til høgre i dette biletet og Aarheim hadde vore eit av dei mest attraktive buområda i Stryn. Frå Tonningsida ser ein berre det mørke og tunge Aarheimsfjellet, men straks ein står på "hi sida" opnar landskapet seg opp. Aarheim er ein verkeleg idyll også i dag. NB! Dagens bilete vert ikkje oppdatert før seint søndag kveld!! Konfirmasjon.
To Normann postkort som er sett saman til eit panoramabilete. Flott tidsbilete frå Stryn sentrum. Eit trena auga vil sjå skøyten, men eg synest at det er såpass interessant at eg likevel legg det ut. Har du opplysningar til biletet er det berre å sende inn.
Det var nokon som tippa riktig (visste) at det var på toppen av meieripipa arbeidskarane sat og smilte til fotografen (Dagens bilete 1. mai). Det flotte brune huset er Hotel Stryn eller Bruvollhuset som det vart heitande seinare. Hotel Stryn vart bygt i 1894 av Fargar Dåve (David Olssen Sunde frå Olden) og huset vart sist eigd av barnebarnet til Dåve. Han heitte Audun Gabrielsen Bruvollf. 1911 og omkom då huset brann ned til grunnen 20. september 1979. Matias Nesje f. 1906 budde der også, men han berga seg ut. Fotograf er K.A. Tonning og biletet er "skote" mellom 1964 og 1966 eingong.
Artig oversiktsbilde som er teke i perioden 1975-77. Nye hovudgata i Stryn er på plass og Heimskringla er nettopp borte (Ingolv Gald starta rivinga i mars 1975. Meinte at han hadde med seg Ivar Dårflot i dette arbeidet??). Den gamle kinobarakka er også borte, berre grunnmuren står igjen. Den måtte vekk for å gje plass til sjukeheimsutbygginga. Legg spesielt merke til korleis elvalinja har endra seg i Bø, på Visnes og på Tonningsøyra. Postkort utgjeve av Husmo.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.