Dagens glimt frå Stryn

Lensmannsgarden Tingvoll er under bygging. Sjå tidlegare artikkel om funn der. Heimskringla er påbygt og ein kan sjå den første fotballplassen i Stryn nord/syd frå Smeby hotell. Her er mange piler og mykje namn. Kjem sikkert til å presentere dette biletet seinare utan dette på.
Vil ynskje alle til lykke med dagen i dag med dette biletet. Her er Malvin Sandbakk (bak t.v.) og arbeidarane hans samla på høgste punktet i Stryn sentrum ca. 1951. Framme f.v.: Arne A. Lunde, Olav Moldestad, Olav A. Lunde, Lars Lindvik og Herman Vellene (rørleggar frå Hornindal). Takk for hjelpa til Svein Nesje som hjelpte meg med dei to lengst til høgre. Er det nokon som ser kvar karane var då biletet vart teke? Tips: http://www.stryn.biz/73222519 (mappa som heiter Diverse linkar på heimesida mi).
Grensa mellom Aarheim og Visnes kan ein sjå som ein mørk strek mellom husa på desse to bruka. Nyhagen ligg under Aarheim og Hagen under Visnes. Folketeljinga i 1900 fortel at Lasse Olsen Nyhagen var fødd i 1868 og at yrka hans var: "Vognmand, skrædder og dagarbeide". Elias Johnsen Hagen var fødd i 1866 og var gardbrukar og dagarbeider. Begge karane flytte etter 1900 husa sine lenger ned mot vegen, der dei ligg i dag. Eg synest slike utsnitt fortel mykje historie og viser korleis folk budde og ein kan tydeleg sjå kor tungvindt det var dyrke og hauste gras/korn på desse bruka. Sjå biletet under der dette utsnittet er henta frå.
Sjå jentene på biletet: Småjenter i Bruagrenda ca. 1915 under mappa "Hemmelege bilete". Eikenæsjentene budde i huset merka Iverane, og dei andre i dei to heimane øvst oppe i bakkane (Nyhagen og Hagen). Steinen med innrisset "1880" kan ein sjå i siluett mot vedhuset til postopnar Samuel Sætre (mrk. Posten).
Det kvite huset var prestebustad frå ca. 1844 til 1908. Då stod den nye prestebustaden klar. Huset ser stasleg ut, men det var kaldt og lite tidsmessig. Prestane (og prestefruene) klaga, og det vart bygt nytt. Gamlehuset vart rive og sett opp igjen på Aarheim (bnr. 9 Garbrandbruket), og er idag bustadhuset til Arne Tysnes. Paktarbustaden til prestegarden er det vesle huset vest for det kvite. Lada heilt til høgre tilhøyrer Visnes hotel. Sjå dei tre neste bileta under. Alle desse fire som er dagens bilete 30. april er utsnitt frå same bilete teke av Jens K. Maurseth. Klikk på bileta og dei blir større (vanlegvis)!

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.