Dagens glimt frå Stryn

Flott utsnitt (sjå også dei to andre under) som viser Perhustunet, Aarheim og "Visnesøyra". Eikenæshuset er under bygging. Hotel Stryn (til venstre for Walhalla) var teke i bruk nokre få år før (1894). Til venstre for det ser ein "Skomakerhuset" og "Telegrafen". Desse låg der Isehaug kafeteria er idag, og vart flytta i 1890.
Dette er siste biletet som er teke av dei tre bruka før utskiftinga. Kristen Tonning flytte husa sine inn der sjukeheimen er i dag og bygde i 1901-02 huset som blir kalla Vesla Pensjonat. Oline f. Tonning og Jens L. Sunde flytte over riksvegen og bygde hus og lade på Tonningshaugen. Magrete f. Tonning og Peder L. Sunde vart verande igjen i gamletunet (Arnljothuset på folkemunne i dag). Høyrer til same biletet som under.
Utsnitt frå Stryn sentrum ca 1900. Biletet viser sentrum frå der Visnes bru ligg idag og opp til Arnljothuset på Tonning. Bedehuset Fredheim er kome opp (ca. 1897). Elles ser ein godt husa i Bø (Indre og Ytre).
Lommeuret til Andreas A. Vik (Stensrud) som eldstesonen Reidar på Askøy overtok etter faren. Andreas brukte denne klokka dagleg, og inni hadde han bilete av kona Ragna og seg sjølv. Kjært minne som blir teke godt vare på av Tone Stensrud (oldebarn av Ragna og Andreas) på Askøy. Varm helsing til alle etterkomarane etter Ragna og Andreas. Sjå meir om dei to under "Slekt og familie" på heimesida.
Dette biletet er eit postkort frå ca. 1979. Nyevegen over moloen er under arbeid og Bruvollhuset (tidl. Hotel Stryn anno 1894) står framleis. Det brann ned til grunnen 20. september 1979 og eigaren, Audun Bruvoll, brann inne. Vertshuset Fagre Stryn og Fjordkroa nede til høgre i biletet og Nordfjord Meieri på andre sida av Visnes bru. Sommaren 1980 var eg flittig kunde i meieriutsalet. Det var heitt og godt den sommaren, og kald yoghurt og is smakte godt. Tante Idun Tenden jobba på kontoret og to søstre Lunde (Anne Rita og Reidun Anita) jobba i utsalet. Idun forstod nokså snart kvifor den blå Mercedes-lastebilen til Stryn Cementsteinfabrikk med underteikna og hunden Jahro stoppa utanfor minst to gongar om dagen. Men det var eigentleg bruene eg skulle ha med litt om. Gamlebrua (Tonning bru) stod ferdig i 1860 og nyebrua (Visnes bru) 103 år seinare. Vi som leve i dag kan ikkje forstå korleis dei i tida før 1860 greidde seg utan bru. Det gjorde dei forresten ikkje heller! Det var frykteleg tungvint og farefullt å krysse elva før brua kom. Eg vil anbefale dokke å lese "Vegar for vegar var" av Ragnar Standal. Den gamle ungdomsskulelæraren min (og andre sin!) har samla mykje interessant stoff om gamle stiar og vegar i Nordfjord.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.