Dagens glimt frå Stryn

Foto av J.K. Maurseth ca. 1910. Det var ein MB Solrenningen som gjekk som mjølkerute i Høyanger-området, men eg kan ikkje seie sikkert om det er denne skuta. Største talet på passasjerar er 58 som det går fram av skrifta på styrehuset. Flott skute. Det store naustet i biletet er notanaustet i Grønevik. Dette var eigd av Stryn Notlag. Det er sjeldan vi kjem so nær husa i Grønevik som på dette biletet.
Frå Rake mot Olden 23. mars 2012 kl 1557. Foto Jon R. (C)
Er det nokon som veit noko om dette orkesteret? Jakob Myklebust sit som nr. 2 frå venstre. Kan det vere Gabriel Reed som sit til høgre for Jakob? Viss det er tilfelle, er det Reed som er leiaren for orkesteret. Takknemleg for opplysningar. Biletet er teke ca. 1910-15. Mest truleg av J.K. Maurseth.
Tonning skule og Isehaug sitt bustadhus var under bygging. Nesje sitt hus i Svingjen er ikkje bygt, og ein kan sjå det som idag er Stryn Vertshus til høgre i krysset. Vest for det er dåverande Tonning skule. Huset vart bomba 24. april 1940. Det var då brukt som kommunehus. Her er mange flotte detaljar. Artig å samanlikne med biletet frå 1950 som er teke frå nesten same plassen.

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.