Dagens glimt frå Stryn

Flott flyfoto teke av Harstad i starten av femtitalet. Tyskebarakka som Tonning Møbel starta i er borte. Brann i 1949. Eg har laga ein liten snutt der vi kan sjå detaljane i biletet. Har du kommentarar til bilete er det berre å skrive!
"Liite parti fra "Grisehusgata". Strøket er fint nok og namnet tyner ingen. Bakgrunnen er dog den fineste baade i ljos og myrke." Flott kort frå Bruagrenda. Frå venstre ser ein mølla til Harald Eikenæs, naustet og våningshuset til Bakarane (Myklebust), Bakeriet (Kirsten Eikenæs) og Eikenæshuset. Øvst ligg Marihuset, huset til Jørund Flo og Torinahuset. Postkort frå ca. 1910.
Barnehagebuss er ikkje noko ny oppfinning i Stryn. Karen Ytre-Eide var styrar i den første barnehagen på Tonning frå 1949. Lokalitetane var ein utrangert buss frå "billaget", eit lite skur med skråtak, nokre reier, sandkasse og "bunkersen". Toalettfasilitetar var det dårleg med, men "nova", bøtter og reint vatn gjorde nytten. Det er mange i Stryn hugsar "Tante Karen" for det gode arbeidet ho utførte. Du kan prøve å sjå om du kjenner nokon på biletet. Skriv gjerne ned namn på personar du kjenner igjen.
Er det nokon der ute som kjenner igjen denne kvinna. Mest truleg er ho frå gardane Sæten eller Vassenden i Loen. Ta kontakt om du veit noko!

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.