Dagens glimt frå Stryn

Stereobilete frå Keystone View Company. På biletet ser ein Anne Nesdal (f. 1887 og g. Sæten ca. 1919) med vassele og MB Kjenndal til venstre og DS Lodølen til høgre. Biletet er teke ca. 1927-30. Takk til Karin Sæten og Inge Jarle Beinnes for god hjelp.
Stolte sykkeleigarar foreviga nede i Perhustunet av Jens K. Maurseth ca. 1914. Frå venste: bestefaren min Andreas A. Vik (Stensruden), Martin Fjærestad (Dobak), John Hagen, Sverre Hjelle, Einar H. Eikenes og Martin Bø. Staute karar.
Stryn Meieri vart teke i bruk i 1952, og pipa var eit landemerke i lang tid. Rett ovanfor pipa ser ein smia som vart bygt av Wehrmacht under krigen. Rasmus Meland starta Stryn Mek. Verksted der i 1950. Seinare flytte han ut på Langeset-høgda. Verkstaden er framleis i drift og vert i dag driven av Rolf Langeset.
Biletet er frå første krigsvinteren (1940/41) og er teke utanfor Hotell Tonning, som var kompani Kappei sitt hovudkvarter. Skiltet bak soldaten sitt hovud har som tekst: Stryn Meieri - Mjølkeutsal. Dette var i skreddar Jakob Myklebust sitt hus. Samanlikn dette biletet med det som er på startsida mi. Soldaten er fargelagt av underteikna. (C) Jon Rasmus.
Superkvartetten på Hjelle Hotel 14. april 2011: Frå venstre: Lachlan Nieboer, Florian Lukas, Rupert Grint og David Kross. Stig Henrik Hoff gjorde ein god figur, han også. Filmen "Into the White" kan anbefalast til alle. Har du lyst å få vite litt om bakgrunnen til hendingane og sjå frå innspelinga på Hjelle, kan du bestille dvd her: http://www.stryn.biz/73222529 Pris kr 99,- (pluss porto).

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.