Dagens glimt frå Stryn

Utsnitt frå eit Mittet-dias 24/8 Briksdal serien "I was there". Hest og stolkjerre er dessverre blitt historie også i Briksdalen. Dette motivet vart fanga på 70-talet. Kjenner nokon kuskane?
Kristianna vart fødd på Skorge i Vanylven, og gifte seg med Magnus Riise 6. juli 1918. Begge to var godt vaksne, men fekk likevel 3 born på kort tid: Per f. 01.11.1918, Kjell 13.12.1919 og Magnhild 13.06.1921. Eit flott bilete av ei flott dame! Kan du fortelje meir om Kristianna tek eg imot med takk!
Her er Audun Myklebust på vakt som heimefrontsoldat på telefonsentralen i Stryn 17. mai 1945. Audun sit til høgre saman med Emma Bakke, Hjalmar Øvreberg og Agnes Flo Orlikowski. Audun var med i den indre krinsen av Heimefronten i Stryn saman med mellom andre lensmannsonen Sigmund Aarnes (vart lensmann sjølv). Audun har opplevd mykje i desse 95 åra. Han var i Oslo i aprildagane 1940 som skreddarlærling. Han kom tilbake til Stryn og jobba saman med faren, skreddar Jakob Myklebust. Audun starta eiga verksemd med produksjon av bondepikedrakter og var i mange år i designer i industriproduksjon av kle. Meiner det var i Hornindal (skal sjekke). Han har sydd utallige bunader for menn etter at han vart pensjonist (Nordfjordbunader), mellom anna til Flo-brødrene. Gratulere med dagen Audun, og håper du får mange gode år!
Ei helsing på 95-årsdagen til ein av gründerane som har vore viktige for Stryn som industrikommune. Sverre Bringsvor står framme til venstre saman med dei to andre medeigarane i Tonning Møbelfabrikk, Aamund Breidablikk og Ingvald Bringsvor. Bedrifta starta opp i tyskerbarakka som låg nærast Betania, og familiane Bringsvor budde i barakka nedanfor (sjå dagens bilde 1. mars). Lokala til Tonning Møbelfabrikk brann ned 7. november 1950 og 20 mann vart arbeidsledige. Skadane kom totalt opp i kr 200.000,- og ikkje alt vart dekka av forsikringa. Karane var ikkje arbeidsledige så lenge. Bedrifta fekk ny tomt våren 1951 og starta reisinga av fabrikkbygningen som framleis ligg på Øyra. Dei fleste arbeidarane jobba som bygningsfolk det 3/4 året det tok å reise nyefabrikken. Den vart bygt i to høgder med totalareal på 500 kvm. Den stod ferdig like før jul 1951. Kjenner du arbeidarane som står bak? Eg meiner å kjenne igjen Ivar Gjørven, Rasmus Garlid, Ivar Fure og kanskje John Aarheim.
Hest og stolkjerre i Oldedalen. Flott tidsbilde frå 50-60-talet innerst inne i Nordfjord. Tippar hesten syns dette er mykje kjekkare enn å dra turistar opp til breen. Kan dette vere frå Myklebust?

Nyeste kommentarer

25.10 | 08:40

Danmpskibsposten nr 29 (3/1990) har på side 11 av D/S Brixdal og M/B Alda på Oldenvannet, med tittel "En av de eldste norskbygde dampmaskiner?"

05.10 | 14:52

Opprinnelig fra USA. Kom hit i '84. Kona er fra Stryn. Har gått forbi så mange ganger, på vei opp til Holevatnet eller videre. Visste at den ble nedlagt pga ras

23.06 | 16:51

Hei!
Jeg fant nettopp ut at jeg stammer fra Berge i Oppstryn. Og et av mine søk endte her på siden din.
Kan/ har du info om denne gården og de som bodde der?

08.02 | 10:30

Er på leiting etter info om Brixdal som ble bygd ved Mjellem & Karlsen i 1894.